Eg rører ved….
..men veit det ikkje er lov.
Let att augene..
..og tenkjer..
Berre ein liten titt..?!
Bit tenna saman..
..og tenkjer at eg skal vente.
Eg rører ved….
..men veit det ikkje er lov.
Let att augene..
..og tenkjer..
Berre ein liten titt..?!
Bit tenna saman..
..og tenkjer at eg skal vente.
Let att auga og svelger.
Føler meg uvel og svimmel.
Svelger endå ein gang
i håp om at klumpen i magen blir borte.
Tenkjer at 10 meter er høgt.
Tenkjer at altfor mange ser på.
Tenkjer at dette blir for bratt.
Vil gå for fort.
Tenkjer at dei som skal sjå, ikkje vil like.
Tenkjer at dei som skal høyre, vil be meg om å teie.
Tenkjer at..
..eg tek sats..
..og hoppar.
Kom berre til å tenkje på urskogen.
På dei haugamle trea. Mange hundre år var dei nok. Det var eg heilt sikker på. Kanskje tusen og..?
På det grå treskjegget. Og barten EG brukte å lage av det.
På luktene. Og mosedekt skogbotn. På kjøleg skugge. Og trekronene so uendeleg langt der oppe.
Lokkande. Kviskrande. Og litt skummelt..
“Hi…”
Han kom mot meg.. smilte..mangla fire tenner oppe og tre nede..
“I’m not gonna ask you for money! I hate money…”
So var samtala igang..
“Money reminds me of old times..and what I have lost..”
Han vart fjern i blikket ei lita stund..
“You remind me of Precilla Presley!”
Han såg nesten litt blyg ut.. Som om eg skulle bli fornærma..
Eg smilte! Og takka… Han smilte..
Han gjentok.. “I’m not going to ask you for money!! I hate money.. I just whanted to ask you to go in to the shop and by me a bread. It will cost you no more than 2 rand..”
“And yes.. I live on the street, and I don’t look very nice.. And I’ve got aids..”
Han såg at eg ikkje bar noko forrakt for han.. Vi vart ståande å prate.. Heilt til bussen min skulle gå..
For en livsglede, for eit livssyn!!!
Eg fekk høyre om ei amerikansk jente han en gang hadde vore med..
Om bilen han hadde stjelt når ho reiste ifrå han..for å leite etter henne..
Om dei 5 åra og seks månedane han hadde fått i fengsel for DEN ugjerninga.
Han ville ikkje vekk ifrå gata heller…det ville vere for mange som savna han då!
…synge kunne han…
“…can I sing for you..Do you whant to hear?”
…selfølgelig fekk han synge
Og han kunne faktisk synge og!
Han spøkte om flaska med vatn eg ville gje han..
“If it’s holy water..” sa han med eit flir om munnen..
“I can see that you like me!”
Den gleden i augene hans er vanskelig å beskrive..
Bussen min kom køyrane, og rygga seg til…
“Will you think of me, when you leave?”
Selfølgelig…
Eg skjønner godt kvifor mange vil sakne han om han skulle forsvinne frå gatene i Cape Town! Og han sendte i alle fall meg ut på resten av reisa mi, med litt meir i bagasjen…
Sola gjer himmelen ein fantastisk farge no klokka seint på kvelden
og eg nyter kjensla av veldig snart sommar.
Kjenner at sevja forlengst har fått tak i alt liv
og at sola gjer sitt til den deilig blussande fargen.
Kjenner trongen til gras mellom nakne tær
og ser so freistande lettkledd du er.
Kjenner meg yr
og i live.
Kjenner at endelig..
..er det sommar.
Med bleike brød og alskens marinerte grønnsaker i magen,
..skjønner ikkje korleis dette kan vere frukost..??!
la vi ut på prosjektet kjøpe togbillett i ein by der ingen snakka engelsk.
VI fann dei i alle fall ikkje!
Billettluka fann vi derimot. Der den skulle vere.
Takk Lonly Planet.
Det krevde berre litt leiting, eit flyselskap,
der framlei ingen snakka engelsk
litt meir leiting. Og ein heil haug med smil.
Ingen ledige togseter dog.
..i alle fall ikkje dit vi skulle..
Etter litt hjelp frå ei som snakka litt engelsk..
..det ligna i alle fall på tungakrøllafeilvegengelsk..
Fekk vi billettar til dagen etterpå.
juhuuu
Billige var dei og..
..mindre enn halvparten av pengane det tok oss å komme hit.
Prøver å sette meg ned, men alt strittar imot. Kjenner svien. Kroppen verker. Og tunge bein berer meg oppover. Svelger. Og merker at viljen i eit svakt augneblink vaklar. Veit at målet endå er eit godt stykke unna. Pustar tungt..
..men fortsetter.
Kjenner vinden kiler meg i nakken. Stryker meg over kinna. Flørtande. Leikande. Kjenner sevja stiger i kroppen.
Kjenner dufta av heggen. Av tørrhøy. Og av fjorden som nærmar seg. Dufta av nyslåtte markar og storslåtte fjell. Av mosekledd skogbotn. Og av geiter som balanserande lett beitar på altfor bratte markar. Av kløver og blåklokker. Av bregne og villroser. Av syriner og georginer.
Vil late att auga, men held dei opne. Vil sjå. Vil nødig gå glipp av noko. Vil ha med meg alt.
Vil leve. Nyte. Vil vere her. Akkurat no.
Og alt det andre er gløymt.
Folk trenger seg på rundt oss. Her gjelder visst ingenting anna enn
første mann til mølla ..?!! Alle bærer tungt. Mat, drikke, sekkar,
posar og ungar.. Og meire mat. Skulle nesten tru at nokre var på reise
med alt dei eig..?
Blikk, og stemmer på ukjendt språk. Støvete og
gammalt. Usikre smil. Lukter. Trykkjande varme. Seter ifrå kvarandre.
Viftene i taket arbeider på spreng. Sekkane er lagt oppå hylla. Og det
nærmar seg avgang..
Dette kjem til å bli nytt, varmt, langt, spennande, annleis og endå litt lenger.
Mange skjebnar
og vi,
det neste døgnet..
Vått..
Kjærteikna leikne fingrar.
Og akkurat der er det VI.
Lydlaust..
Ilag.
Tilstades.
Trekker eg pusten..
I kjendt landskap.
Og nyter kvart eit andedrett.
Stillheita.
Tankane.
Vinternatta.
Og huda nuppar seg..
Like kjendt som alltid
ligger dei der
fjella..
Skyggane av mørke konturar
i vinterlandskapet.
Nesten trollske
i det kvite lyset
frå månen.
Likevel
skremmer dei meg ikkje..
| m | ti | o | to | f | l | sø |
|---|---|---|---|---|---|---|
| « mar | ||||||
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | 6 | |
| 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 | 13 |
| 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 | 20 |
| 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 | 27 |
| 28 | 29 | 30 | 31 | |||
